Takk for livet!

Eg lova eit innlegg om Savannah, og her kjem det.

nytt bilde

Det var ein vakker haustdag då vi fekk den triste meldinga om Savannahs bortgang. Det kom så brått, brutalt og overraskande på oss alle saman. Savannah som alltid var så smilande og glad, Savannah som song så fint i chapel, Savannah som var ven med alle, som torde å stå for sine eigne meiningar, ho orka ikkje å leve meir.

Denne songen song Savannah finare enn finast. Skulle vi ha det litt moro bytta vi ut hosanna med Savannah. *smile*

 

Kvifor dette skjedde, har eg no berre godtatt at eg aldri vil forstå. At eg aldri vil sjå Savannah att her på jorda, enten i Noreg eller USA, stikker djupt i hjarte kvar gong eg tenker på det. Ved å tenke på alt eg ikkje fortalde ho og alt eg ikkje gjorde for ho, denne fantastiske jenta og flotte førebilete, gjer meg kvalm og verre enn det. Likevel er det alltid noko å lære. Man blir sterkare av å bære tunge byrdar.

Eg sett større pris på livet mitt no enn før. Eg er glad eg berre har bagatellar av problem å tenkje på. Men eg veit, mange har problem som er større enn kva noka nokon gong får vite om. Problem som øydelegg dei inni frå. Eg veit ikkje kva eg kan gjere med dette, og kva du kan gjere med dette. Det er så ufattelig! Men eg trur, at om vi alle berre forsøker å sjå ting i perspektiv, krype ut av sitt sjølvsentrerte seg, og sjå kor flott verda er og kor mange fantastiske menneskjer det finst, så vil det heile bli betre. I tillegg ikkje berre sjå, men faktisk handle. Gå ut av komfortsona di, fortel andre kor flott ting kan vere, kor bra ein ven eller ein frammed er, fortel det til dei. Eg veit at dette er vanskelig, og eg veit at dette ikkje kan forandre alt. Men eg veit OG at det er utrolig kjekt å bli minnet på dei positive tinga når alt ant er kjipt.

 

Eg saknar Savannah noko heilt ubeskriveleg! Eg ynskjer så inderlig at eg kunne være sikker på å få treffe ho igjen her på jorda. Men det kan man aldri vere sikker på. Man kan ikkje vite det med nokon. Det er skummelt! Livet kan forandre seg masse i løpet av få sekund.

Sett pris på livet folkens! Og venane dine! Og familien din! Og mannen på bussen, og damen på butikken.

Kvil i fred Savannah! Du gjorde livet mitt gladare, meir motiverande og ikkje minst morsamare.

Én kommentar

Marte

13.nov.2008 kl.22:01

(-.-)
fikk helt gåsehud her nå, kjempe rørende innlegg hanne. Veldig fint skrevet, får helt vondt inni meg her..
Selv om det var helt forferdelig det som skjedde, umulig å forestille seg- gjør du det veldig fint for henne, og det fortjener hun.
kjempe glad i deg!!

Skriv en ny kommentar

Hannek

Hannek

18, Bergen

Kategorier

Arkiv

hits