NSB gjer hugleik i hjarte mitt

oslo feb08 113
Tina nyt ei tykklefse i kafévogna.

I går sat eg 7 og ein halv timar på tog ifrå Oslo til Bergen. Trøytsamt vil nokon seie, eg har ikkje eit vondt ord om turen. Det var ikkje eit kva som helst tog, men eit nyrestaurert eldre eit. Og eg må sei dei har gjort ein fantastisk god jobb. Dei nye stolane var MYKJE betre enn nokon gong. Det såg ut til at det var straumadapter til alle plassane og, men fekk ikkje testa om dei virka. Kafé-vogna (som er ein viktig del av opplevinga) har nådd nye høgder! Her har det blitt større vindauge til å nyte utsikta gjennom. Den moderne innreiinga som i tillegg ga fleire sitteplassar var ikkje til å klage på, fancy, mjuke sofaer rundt sittegruppene og eit knesj raudt bord med barkrakkar langs eit av vindauga. Ikkje nokk med det, fotokunst på veggane toppa heile greia og skapte god stemning. Som bonus hadde eg av ein eller merkeleg grunn fått min økonomi minipris billett plassert midt i komfortvogna. Det var digg! Man skal ikkje klage når man har dobbel så stor beinplass! Så no vil eg gje all mi ære til NSB for disse nye togvognene som er så sjukt mykje betre enn dei såkalla nye signaturtoga.  I tillegg til at dei ser bra ut og behandle deg bra (vognene altså, ikkje konduktørane, sjølv om eg ikkje skal klaga på dei heller) gjer kjenslene av å sitte på eit resirkulert tog deg god samvit.
oslo feb08 102
Nydeleg utsikt frå Haugastøl (trur eg, eller var det Ustaose?)

2 kommentarer

Henrik

23.feb.2009 kl.19:34

likte det øverste bildet godt! :)

SR

25.feb.2009 kl.19:13

Håper det er Berthas lefser vi snakker om!

Skriv en ny kommentar

Hannek

Hannek

18, Bergen

Follow Hannek
www.flickr.com
This is a Flickr badge showing public photos and videos from Hanne Kristin Pedersen. Make your own badge here.

Kategorier

Arkiv

hits