eit kåseri

-Ja, hallo, du snakkar med Petter Versågod. Versågod?

Eit kåseri (eksamen, sidemål, vg3)


Om foreldra mine hadde spurt meg kva eg ville heite då eg blei fødd, ville eg svart Aurora Kjærleik Austen. Kvifor? Jo, no skal du høyre. Du hugsar vel bøkane om Aurora i blokk Z? Det var dei finaste bøkane eg visste om då eg var lita, eg kunne lese dei gong på gong utan å verte lei. Kjærleik er Noregs vakraste ord, tykkjer eg. Skal vi tru min eldgamle norsklærar frå ungdomsskulen, blei det faktisk offisielt kåra til det vakraste ordet òg. Austen, Jane Austen. Alle jenter har lese eller sett noko av verka hennar. Vi kan vel alle vere einige om at det berre er heilt fantastisk alt saman. Aurora Kjærleik Austen ville da ha vore det perfekte namnet til å ta verda med storm. Eit slikt namn, med så gode assosiasjonar, meiner eg ville vore svært heldig. Eit slikt namn ville ført til at eg fekk bli den nye kjærasten til heile Noregs sukkerklump, Alexander Rybakk, eg hadde vunne frøken Noreg, kapra draumejobben som redaktør i BT, og fått nokre slike fine ungar som pensjonerte menn kjøper is til med di dei er så skjønne. Alt dette hadde eg fått grunna det fantastiske namnevalet. Men diverre, eg heiter ikkje Aurora Kjærleik Austen, eg heiter Anne Hansen i lag med 1328 andre i dette langstrakte landet. I staden for eit namn, og ein identitet, med berre gode assosiasjonar, har eg vorte ho der med det vanlege namnet som er så vanleg at det er umogeleg å hugse. Fint, vel?

Namnet ditt har mykje å sei for fyrsteinntrykket andre får av deg. Om du heiter Kennet, og helser på meg for fyrste gong, må eg berre beklage. Alle som heiter Kennet er dumme, veldig dumme. Dei mobbar og er frekke. Eg kjem til å bli litt sint på deg, kanskje utan grunn, men du heiter faktisk det same som den største pøbelungen i nabolaget der eg budde som lita. Eg ville òg førebudd meg på ein arg Anne om du er så uheldig å heite Katrine, Malin, Eirik, Pettre eller Frank. Det er identitetar som eg godt kunne tenkje meg å teste ut knyttneva mi på. Keisame Anne prøvde faktisk det ein gong, på leirskulen i sjuande klasse. Plagsame Petter var frekk i kjeften, og keisame Anne tok på seg rolla som modige Martine og druste til han midt i andletet. Det kjentes godt, spesielt når lærar Jonatan fortalde far min at han alltid hadde drøymt om å gjere det same. Heiter du Preben derimot, ville eg vore litt forsiktig, med mindre du tykkjer om keisame Anne Hansenar. Preben var nemlig gulrota mi gjennom heile barneskulen. Kvar dag måtte populære Preben gå med keisame Anne til skulen. Ikkje nok med det, han måtte gå i lag med ei jente med slev hengjande frå munnvika og langt ned på knea. Om det er ein singel, desperat Preben som høyrer dette, kan du vere så snill å ringje 1881 å få tak i nummeret mitt? Det er berre 1328 Anne Hansen å velje mellom, eg reknar med å høyre frå deg innan måndag.

Eg er sikker på at du som meg, køyrer alle med same namn under ein kam, og trur at dei har same personlegdom. Difor forstår eg dei som verkeleg ynskjer eit anna namn. Den nye personnamnlova som blei innført i 2003 er ein stor glede til alle som heiter Ulf-Raymond, Leif, Magda og andre slike mobbar-tiltrekkjande namn. Men til størst glede er det for oss vanlege, keisame, menneske som kan ha stor underhaldning i desse merkverdige grensenamna folk finn på. Eg trudde auga mine skulle dette ut av latter den gongen i fyrsteklassen då vi sat og las ein artikkel i VG om nye norske namn. Namna var i og for seg sjølv morosame og kreative, all kredit til oppfinnarane. Men då ei venninne skulle forklare kvifor det er nett slik at vi kan heite Supermann, Jatakk og Gamalost, var eg sikker på at døden var komen. Som vanleg var ho uheldig med tonefallet. Ho kom med dømet, «Eg kan søkje om å heite...», ho ser ned i bordet framføre seg, «Tina Pult».

Men kvifor skal ikkje vi nordmenn kunne ha slike beskrivande grensenamn, når indianarane har hatt det til alle tider? Den nye personnamnlova skulle ha vore innført lenge før år 2003! Dei fleste norske namna har jo allereie ein tyding, men desse har vore heilt akseptable med di ingen forstår at Ole tyder stor, og at Gunn tyder lat.

For ikkje så langt tilbake i tid las eg ein artikkel om eit par som ville kalle den nyfødde guten deira for Adolf Hitlar, men fleire bakeri nekta å skrive det på dåpskaka, noko som foreldra vart verkeleg provoserte av. Er det rart? Eg tenkjer som så, noko har gått alvorleg gale, ikkje berre med ein person, men med båe mora og faren til denne stakkarslege guten, som grunna namnet sitt kjem til å bli verda si nye massemordar. Å ta namnet til ein kjend historisk person meiner eg er juks. Eg trur meininga med livet er å gjere noko vi kan bli hugsa for, i større eller mindre grad. Dei som kallar ungane sine for Adolf Hitler, Ronald Reagan og Kofi Annan øydelegg for barna deira sin framtid. La oss sei at om seksti år kan vi finne nokre informasjon om kvar enkelt som bur i den vestlege verda på Internettet. Trur du freelance-fotografen Ronald Reagan hadde fått nokre treff på google då? Ja, sjølvsagt, men dei ville ikkje ha komen før etter dei 438726 treffa om den tidlegare amerikanske presidenten. På den måten hadde desse oppkalla barna fått smake foreldra sin medisin, og Ronald Reagan hadde måtte bytte namn til Ronald Arbeidslaus.

Å følgje straumen er det enklaste her i verda, vi liker å vere daude fisk. Vi nordmenn trur at vi er unike, akkurat som alle andre. Vi er ikkje betre enn andre, vi må ikkje tru at vi er flinkast i noko. Om du likevel skulle tru det, må du for alt i verda ikkje finne på å sei det høgt til nokon. Desse normene som vi har i Noreg, er grunna til at eg føler meg så ufatteleg eineståande spesiell som heiter Anne Hansen. Eg veit ikkje kor mange stemnemøtar eg har gått glipp av med di 1881 gav nummeret til åttitoårige Anne Hansen på Kaupanger i staden for mitt. Hadde eg vore Aurora Kjærleik Austin, hadde eg enkelt funne min Rasmus (på loffen) Hugnad Shakespare. Vi hadde budd på Paradis, hatt fine ungar med fine namn som Mattias Hjartegod, Laura Koseleg og Lotta Alltidglad. Diverre, eg heiter framleis Anne Hannsen, og eg bur framleis i Noreg. Likevel held eg trua på at eg finn meg ein Erik Pedersen å gifte meg med. Då kan ungane våre heite Hansen Pedersen, noko som ville vere veldig fint, vel?

3 kommentarer

Solveig

08.jun.2009 kl.22:50

wow

09.jun.2009 kl.21:21

Trodde ikke du skrev blogg lengre, men der tok jeg feil ! Kåseriet var utrolig bra, men jeg håper ikke det er meg du mener med å bruke knyttneven :P ?

Sognstad var en "perle" for seg selv :D

Katrine (H.I)

Hannek

10.jun.2009 kl.09:40

Takk! Haha, jo det var deg Katrine ;) neidu.. Eg tror egentlig ikkje det var så mange eg kunne tenke meg å slått, men måtte jo legge på litt :P

"be the best of whatever you are!"

Skriv en ny kommentar

Hannek

Hannek

19, Bergen

Noen ganger er jeg hard og bestemt i meninger og tanker, mens andre ganger er jeg myk og filosoferer over livets herlige sider. Jeg prøver å ikke være som alle andre, og skriver for å skrive.

Follow Hannek
www.flickr.com
This is a Flickr badge showing public photos and videos from Hanne Kristin Pedersen. Make your own badge here.

Kategorier

Arkiv

hits